Byggeskikkprisen i Ål 2001

Bilde av Etter restaurering M.SjemmedalI 2001 rehabiliterte vi et bolighus i Ål fra 1930 tallet. Byggeskikknemda i Ål likte godt det vi hadde gjort og gav prosjektet byggeskikkprisen i Ål 2001.

  

Før restaurering M.SjemmedalEtter restaurering M.Sjemmedal. Byggeskikkprisen Ål kommune 2001
  
 
Lokalavisa Hallingdølen skrev 22.12.01 bl.a:
 
Ål kommune sin byggeskikkpris for 2001 er tildelt Kari og Oddvar Øygard som bur i Sundrevegen 41. Det som ein gong var firkanta kloss i funkis-inspirert stil, er etter grundig restaurering vorte til det byggeskikknemnda omtalar som ”eit smykke”. Huset som ligg rett ovanfor Ål idrettshall skulle eigentleg rivast for å gi plass til parkering. Men Kari Øygard ynskte å flytte attende til barndomsheimen, og etter 17 års kamp med kommunen vann ho og ektemannen fram. – Det er skrekkeleg moro å få koma heim att, seier Kari Øygard. Men funkishuset som er bygd i 1937, trong grundig oppussing før det var mogleg.
 
Smakfullt
Sivilarkitekt Jon Haug har kome med grunnideen til utbygginga. Byggmester Morten Sjemmedal som har stått for sjølve arbeidet, har utvikla planane vidare. Han har gjort funkisbygget om til eit hus i sveitserstil. Glasa er trekt inn frå hjørne på huset, eit av dei er fjerna, heile huse er kledd om, det har fått nytt tak og tilbygg har koma opp på nordsida.
- Huset har fått ein heilt ny uttrykksform, og det er lite å setje fingeren på. Ombygginga har fått eit heilheitleg preg, der det er lagt vekt på estetikk og smakfulle detaljar, fortel medlem i byggeskikknemnda i Ål, Ole Tor Oleivsgard. Dei to andre medlemene i nemnda er Lise Laa og Berit Heitmann Skrindo.